Språklæringsprogram, no på nynorsk


50 languages - lær nynorsk på nett

Dvergamål.no har laga den nynorske utgåva av nettstaden og språklæringsprogrammet 50 Languages. Du kan bruke programmet på både Android og Apple-einingar, samt på alle datamaskiner. Det er gratis, reklamefinansiert. Det finst mange andre sider og appar for å lære språk, men det fine med 50 Languages er at du kan bruke eit kvart språk for å lære eit kvart anna språk. Eit døme: Dersom du kan arabisk og vil lære nynorsk, får du opp setningar på dei to språka. Det same gjeld sjølvsagt om du kan nynorsk og vil lære eit anna språk - lista over språk er lang! 50 Languages er òg eitt av få tilbod på nynorsk.

50 Languages har til saman fleire tusen setningar, enkeltord og lengre tekstar, ordna etter emne. I tillegg kjem spel og aktivitetar. Med alt dette kan du lære ganske mykje av eit framandspråk. Appane eignar seg godt til bil- og bussturar. Du kan laste ned lydfilene når du er heime, og treng dermed ikkje bruke nett når du er ute.

Dvergamål har laga den nynorske omsetjinga, og har lese inn alle tekstane, orda og setningane. Dei som vil lære nynorsk, har dermed fått ei stor hjelp. 50 Languages kan vera særs nyttig for vaksenopplæringane, norsksentra og folk som berre vil lære sjølve. Prøv det ut! Hugs berre å velja nynorsk som språk.