Pekka, elva og eventyret er ute overalt


Omslag til Pekka, elva og eventyret av Knut Hauge Lydbokforlaget Dvergamål har gleda av å melde at boka Pekka, Elva og eventyret av Knut Hauge no er gjeven ut i alle vanlege sals- og utlånskanalar for digitale lydbøker. Du kan låne boka på biblioteket ditt, eller kjøpe ho der du kjøper lydbøker. Og sjølvsagt finst fysiske eksemplar til sals herifrå! I tillegg kan du framleis laste ned heile boka gratis her, fordi utgjevinga vart laga som eit ledd i Knut Hauge-jubileet i 2011.

Takk til Eboknorden som har teke arbeidet med å få boka ut til dei ulike kanalane.