Oppmoding til Noregs mållag: Kva med å gjera noko?


Dette innlegget har eg skrive som innspel og ide til korleis Noregs mållag bør arbeide for å fremja nynorsken. Det fell saman med kva eg gjer i Dvergamål. Innlegget er sendt til mållaget sentralt og til alle landsdelslaga.

Kva med å gjera noko?

Noregs mållag sentralt er ein lobbyorganisasjon som ikkje produserer stort sjølv. Det er ein mislukka strategi for nynorsken. Heldigvis finst det alternativ, om me vil.

Den som vil finne ut kva Noregs mållag skal drive med, har rikeleg høve til det. Gjennom korte arbeidspunkt på heimesida ser me kva mållaget skal arbeide for i det daglege. Dei meir overordna dokumenta, lova om mållaget samt prinsipprogrammet, har generelle vendingar som «arbeide for […] at folk i bygd og by skal velje og ta i bruk det nynorske skriftmålet» og «fremje nynorsk på alle område i det norske samfunnet». Merk at det ikkje står så mykje om akkurat korleis dette skal skje. Det er som me kan vente: Det er landsmøtet og styret som avgjer korleis organisasjonen skal arbeide reint konkret. Me merkar oss likevel at verbet «arbeide for» kan innebera eit vidt spekter av utøvande, skapande og produserande aktivitetar.

Så kva vil styret og landsmøta? Det finn me i arbeidsprogrammet og i dei korte samandraga på heimesida. Ut av dette ser eg 1) at andre skal gjera mesteparten, og 2) at mållaget fyrst og fremst skal arbeide politisk. Punkt 1 er uttrykt gjennom modalverbet «må». Staten må, kommunane må, riksavisene må. Punkt 2 er framheva fleire gonger, med argument som at det er heilt avgjerande for eit mindretalsspråk å arbeide politisk. Slik sett er sentralleddet av mållaget pr. no ein lobbyorganisasjon. Då byrjar eg å undrast litt. Javisst er det viktig å arbeide politisk, men skal verkeleg ikkje mållaget gjera noko meir? Ute i lokalmållaga blir det laga noko. Det blir produsert og gjeve ut mykje på nynorsk og dialekt. Skal ikkje sentralleddet drive med slikt, jamvel på meir overordna nivå? Eg finn ikkje spor av det. Heller ikkje i ressursar og tips til lokallaga finn eg råd om å laga noko på nynorsk.

Eg som er spesielt interessert i språkteknologi, kan vidare lesa kva mållaget vil gjera på dette punktet. Eg les at «marknaden åleine» kanskje ikkje bør få eineansvar for korleis taleteknologien utviklar seg. Eg les vidare at mållaget ikkje eigentleg har tenkt å gjera så mykje ut over å uroe seg, men enno ein gong at staten må ta ansvar, meir konkret språksamlingane ved Universitetet i Bergen. Det er vel fyrst her eg tek til å bli irritert for alvor, for dette er for slapt og har vore det lenge. Gjennom avisoverskrifter dei siste åra ser me korleis denne strategien har gått: Elevar frå til dømes den nynorske kjernekommunen Sunnfjord får raudstrek når dei skriv nynorsk på datamaskina si. Glimrande arbeid, Noregs mållag. Stor suksess.

Så veit eg sjølvsagt at mållaget ikkje har skulda for at Google gjev blanke i nynorsk. Heller ikkje er det mållaget sin feil at norske kommunar insisterer på å ause ut pengar til Microsoft heller enn å ta IT-drifta for skuleverket sjølve. Poenget er at det språkteknologiske arbeidet til mållaget har vore jammerleg mislukka gjennom mange år. Me ligg milevis etter.

Eg byrjar å meine at det same gjeld ein del anna mållaget driv med. Dersom lobbyarbeidet er avgjerande, har me for lite å vise til. Det finst nokre moderate suksessar, som at NRK faktisk gjer ein heil del og endeleg eit år var oppe i 25%, at nokre riksaviser har døra på gløtt utan at det har ført til så frykteleg mykje nynorsk, at enkelte departement kanskje ikkje er så fullgalne, og at mållova vel vart noko betre enn me kunne frykte. Vel og bra, eller? Me kan setja pris på kvart av desse resultata, men sett berre eit par steg utanfrå er det vanskeleg å sleppe jubelen heilt laus. Gjev dette verkeleg noko særleg auka bruk av nynorsk i samfunnet? Saka med nynorskelevane er eit døme på at me har mange fleire direkte tap enn sigrar. Burde ikkje det vera ein kveik til å endre framgangsmåte?

I tillegg er det særs lite eggjande når mållaget gjentek at staten må, staten må. Slik språkbruk ligg midt mellom masing og sutring, og ingen av dei set lender i brann. Målrørsla treng sjølvsagt profesjonell masing, men me treng jammen positiv merksemd òg. Det får du mellom anna ved å laga noko bra. Eg ser ikkje at mållaget sentralt bidreg noko større til det. Det er alltid prat om at andre skal gjera det. Dette er ein mislukka strategi, og me har såpass mange års røynsle at me bør gå bort frå han no.

Eg vil difor føreslå at mållaget sentralt byrjar å arbeide todelt. Den eine delen er det politiske arbeidet, som no. I tillegg bør det politiske arbeidet innebera å skaffe finansiering til det andre arbeidsområdet, som er utøvande, produserande og skapande målarbeid. Det finst ingen andre organisasjonar eller verksemder som er store nok, og som kan ta eit overordna ansvar for at det blir laga nynorsk der me treng han. Det er mållaget sentralt som endeleg må slepe seg til å gjera den jobben. Høyrer de: Det finst ingen andre.

For å koma eventuelle motargument i forkjøpet: Nokon kan meine at målsaka vil tapa på at me gjer det som er ei offentleg oppgåve, og at staten får nynorsk opp i nevane og slepp gjera det sjølv. Til det er å seia at me har vel knapt gjort anna enn å be staten ta ansvaret. På mange område er det heilt mislukka. Og kvifor skal ikkje staten, det vil seia kvar og ein av oss, få nynorsk opp i hendene? Kvifor skal me ikkje syne at me får til noko konkret?

Eg har mange konkrete tiltak å koma med. Det eine ville vera å få omsett Android, det mest brukte operativsystemet på smarttelefonar, til nynorsk. Dette er eit større arbeid enn at enkeltpersonar kan ta seg av det, og det er 15 år på overtid. (Det er meg utruleg at ikkje mållaget for lengst har gjennomført dette.) Det neste ville vera å syte for at det finst reelle nynorske løysingar for skuleverket. Det kan ikkje bli noko anna enn opne og frie program, som mållaget forresten bør ta eit klårt standpunkt for. Hjelp td. Skulelinux på føtene att, og driv informasjonsarbeid om at løysingane finst. Det tredje kunne vera å gå direkte inn i ei mengd opne omsetjings- og språkteknologiske tiltak, slik at nynorsken faktisk kjem litt frampå i staden for å halte eit par tiår etter. Det krev at mållaget sentralt tilset folk som jobbar på heiltid med å produsere nynorsk, samt gjerne dei andre minoritetsspråka òg. Står det kanskje ikkje i prinsipprogrammet at me stør samisk og kvensk målstrid?

Det beste er sjølvsagt å få andre til å betala for arbeidet. Det burde vera råd å få saftige arbeidstilskot frå td. Kunnskapsdepartementet, så lenge mållaget syter for å få ein slik samfunnskritisk jobb gjort. Me kan ikkje gå lenger og masa på eller forvente at engelsk- og bokmålsverda skal gjera jobben for oss. Kva respekt har målrørsla krav på om me ikkje evnar å gjera noko sjølve?

Eivind Ødegård
Lærar, programomsetjar, nynorskforleggjar, mållagsmedlem og ymist anna.