Om Dvergamål


(English below)

Dvergamål er eit forlag lagar og sel lydbøker på nynorsk og dialekt. Me tek òg andre oppdrag innan feltet. Nokre døme er

  • Omsetjing frå bokmål og andre språk til nynorsk
  • Innlesing på nynorsk og dialekt
  • Stemmelegging på nynorsk og dialekt
  • Lyd- og studioarbeid

Kontakt oss gjerne for å høyre kva me kan gjera. Dei lydbøkene me lagar, er fyrst og fremst digitale.

Lydbøker på nynorsk og dialekt?

Det er få nynorske lydbøker i Noreg i dag. Det burde det bli ei endring på. Nynorsk og dialekt høyrest finare ut! Det er det som er språket vårt.
Det er dyrt å laga fysiske lydbøker. Difor lagar Dvergamål fyrst og fremst digitale lydbøker. Du kan strøyme dei frå vanlege strøymetenester, eller du kan kjøpe dei og bruke dei på alle slags einingar. Fysiske utgåver lagar me når det er spørsmål om det.
I Dvergamål veit me kvar me kjem frå. Me veit at nynorsken og dialektane har verdiar me kan ta i bruk. Me veit at det trengst lydbøker på nynorsk og dialekt. Sjølvsagt!

Dvergamål? Kva slags namn er det?

Eit dvergamål/dvergemål/dvergmål er det gamle, norske namnet på eit ekko, den atterljomen du kan få når du ropar mot fjell. Dvergamål held til i Fjærland, ei vestlandsbygd med bratte fjellsider og dermed rikeleg ekko. Dette elementet av natur, samt av atterljom frå dialektane, skildrar staden og føretaket godt. Varianten Dvergamål er vald av di han er noko uvanleg og dermed lett å kjenne att, og av di vokalovergangen e-a-å er meir variert enn dei andre formene. Det gjev eit sprekare namn som fell lettare i munnen.

Kontakt oss

Dvergamål v/ Eivind Ødegård,
6848 Fjærland
Epost: post (alfakrull) dvergamål (punktum) no, eller klikk på epostikonet under.
Heimeside: dvergamål.no.


About us

Dvergamål is a small publisher of audiobooks in Nynorsk and Norwegian dialects. We also offer related services, eg.

  • Translation from English, German and Bokmål to Nynorsk
  • Narration in Nynorsk and dialects
  • Voiceovers in Nynorsk and dialects
  • Audio and studio work

To hear what we can do, you can download and listen to this audiobook for free, or enjoy the Nynorsk version of language-learning app 50 languages. Our audiobooks are digital, although we make physical copies on request. You can buy them here or through other online bookshops. We always make our audiobooks available at Norwegian public libraries.
The name “Dvergamål” comes from the traditional Norwegian word for echo, literally “dwarf-tongue”. We are situated in fair Fjærland, between high mountains by the Norwegian fjords, where avalanches, deers' roars and the ancient language traditions echo between the mountainsides.
Click the email icon below to reach us.