Last ned Pekka, elva og eventyret


Omslaget til lydboka Pekka, elva og eventyret av Knut Hauge Høyr på ei flott lydbok! Last ned barneboka Pekka, elva og eventyret av Valdres-forfattaren Knut Hauge.

Du står fritt til å laste ned, høyre på og spreie lydboka vidare, heilt gratis. Tips gjerne vener og kjende om nedlastinga! Dvergamål.no er staden.

Pekka, elva og eventyret er ei godhjarta og spennande historie om verlammet Pekka og opplevingane hans ein sumar i fjellet. Boka var radikal for si tid då ho kom ut i 1962, mellom anna av di alle dyra i boka kan prate. Lydboka er ei pakka fil med mp3-filer for kvart kapittel. Samla lesetid om lag 4t 15m. Last ned boka, så kan du leggje ho inn kvar du vil og ha ho med deg overalt.

Takk til familien etter Knut Hauge, som har gjeve avkall på roaltyinntekter frå lydboka, slik at me kan leggje ho ut som gratis nedlasting. Valdres ungdomslag skal og ha stor takk for stønad til arbeidet. Lydboka er fyrst og fremst ei nedlasting, men me har nokre mp3- og lyd-cdar som supplement. Dei kan du kjøpe her på sida.

Creative commons-lisens Creative Commons License
Pekka, elva og eventyret av Knut Hauge er under Creative Commons Attribution-NonCommercial-NoDerivs 3.0 Noreg-lisens.