Ny lydbok: Gamla reglo å rispo ifrå Valdris


Eg gler meg over å melde at lydbok nummer to frå det vesle lydbokforlaget Dvergamål no er gjeven ut! No kan du kjøpe lydboka Gamla reglo å rispo ifrå Valdris av Andris Eivindson Vang både her og i andre nettbutikkar, og biblioteka har tilgang på ho - du kan spørja biblioteket ditt om å ta inn lydboka. Viss du vil kjøpe boka, kan du enkelt gjera det i nettbutikken vår.

Omslaget til Gamla reglo å rispo ifrå Valdris. Biletet er av Vangsstøga, der Andris Vang budde.

Denne utgjevinga byr på hermetisert vangsgjelding, kan me seia. Boka kom ut i 1850. Det var den fyrste prenta samlinga av folkeminne på norsk mål, tre år før Ivar Aasen kom med sin «Prøver af Landsmaalet i Norge». Boka er dermed eit pionerarbeid i norsk litteratur. Me kan sitere Svale Solheim, som skriv om boka: «Prøver vi å tenkja oss inn i tilhøva kring 1850, så skjønar vi til fullnads for eit storverk utgjevinga av denne vesle boka i røynda var.» Denne lydbokutgjevinga gjer det mogleg å nyte originalverket, som for dagens lesarar er tungt å koma gjennom.