Gamla reglo å rispo ifrå Valdris
Prisar
Nedlasting: kr 179
Lyd-CDar: Kr 440 (inkl. porto)
Om boka
Her er lydbok nummer to frå det vesle lydbokforlaget Dvergamål! Du kan kjøpe lydboka Gamla reglo å rispo ifrå Valdris av Andris Eivindson Vang både her i butikken og i andre nettbutikkar. Du kan òg høyre boka i ulike strøymetenester.
Denne utgjevinga byr på hermetisert vangsgjelding, kan me seia. Boka kom ut i 1850. Det var den fyrste prenta samlinga av folkeminne på norsk mål, tre år før Ivar Aasen kom med sin «Prøver af Landsmaalet i Norge». Boka er dermed eit pionerarbeid i norsk litteratur. Me kan sitere Svale Solheim, som skriv om boka: «Prøver vi å tenkja oss inn i tilhøva kring 1850, så skjønar vi til fullnads for eit storverk utgjevinga av denne vesle boka i røynda var.» Denne lydbokutgjevinga gjer det mogleg å nyte originalverket, som for dagens lesarar er tungt å koma gjennom.